onsdag, august 02, 2006

Sunnmørsalpane er Noregs vakraste

Dag 1:
(PS: Alle bilete er tatt med mobilkamera)


Molladalen er målet. Reisefylget mitt, Elin, Kristine og Jostein, er allereie på plass der oppe. Dei gjekk opp dagen før, saman med bryllaupsferden. (Det har seg slik at det laurdag var bryllaup på Sunnmøre, Alfred og Åshild innviterte til heilhelgs bryllaupsfeiring).

Regnvåt og fuktig
Ok...Molladalen var målet. Eg såg ut av vindauget, det regna litt etter litt. Ferien hadde byrja, og for ikkje å starte ferien i sofaen så måtte eg hive meg rundt. Eit sterkt sug etter fjellet, frisk sunnmørsluft, og gleden til å campe i telt med ein svært sosial gjeng trakk veldig opp i dalen. Så eg heiv det eg fant i heimen i ein sekk frå 1900-og brømangel, og tok bestefar - bilen fatt til Melbøsætra.
Etter ein to og ein halv timers gå tur oppover dalen, kom eg regnvåt og fuktig opp i Molladalen. Svære tindar strekte seg opp mot himmelen rundt meg, same kvar eg snudde meg. Det var verkeleg verdt turen.
"Takk Telenor"
Det som no var, var at klokka var tre på dagen. Reisefylget mitt hadde sagt at dei ville gå på Bladet (Eit vel kjent klatremål for klatrarar i "miljøet". Ein 4) i tolv tida. Sida det tek ein time opp, tenkte eg at dei ikkje ville vere så seine. Eit minus var at eg ikkje hadde dekning i det heile på mobilen i denne dalen (takk Telenor). Rundt om i dalen var det folk frå heile landet som allereie hadde campa, og sidan det regna tenkte eg å finne teltet som reisefylget mitt hadde satt opp. Det var enklare sagt enn gjort.
Det vart til at eg satt under en stein i seks timar og las dagens VG ut og inn. (Takk for tipset om dagens VG Håkon, det var relativt interessant..hehe.)

Klokka halv ti på kvelden kom Elin, Kristine og Jostein ned frå Bladet. Dei hadde hatt ein heidundrandes tur. Og heile gjengen hadde klatra opp på Bladet.
- Grattis folkens, eg unnar dykk det. Skjønar at det var stort. Det var tross alt ein 4, og eit relativt enkelt mål for nokre.

Utfordringar i fleng
Etter eit varmt måltid med pannekaker stekt i bacon, og kaffe, var det etter kvart på tide å plassere fire vaksne personar i eit tremanns telt. Tru det eller ei, men det gjekk. Vi vart liggjande haude -og beinføtes. Utfordringar er til for å handterast.

Dag 2:
Etter ei ganske varm natt, i ein sovepose som kan tole -16 grader ekstremt, så var det ufatteleg deilig å endeleg kunne stå opp. Ein opplett dag der sola prøvde å trenge seg gjennom skylaget. Men skodda kom truande raskt opp over fjella frå dalen.
Vi var rimeleg klar for Jønshornet idag. Eit fjell som stig 1419 m over havet.

Klyving på toppen
Etter ein god frukost med egg og bacon, og det som høyrer til, så var vi klar i ett tida til fjelltur. Det høyrer med å ta det roleg når ein har ferie. Vi hadde og fått med oss kvar alle andre i dalen skulle, og etter å ha fått full oversikt var vi klare.
Turen gjekk for det meste rett opp, og når vi var komne rett opp var kommentaren frå Jostein mykj "Eg er litt usikker...". Kvar gong han starta setninga med det, tyda det på at vi ikkje var heilt sikre på retninga til hornet.
Men etter klyving på toppen, boretter egga, så var vi komne på toppen.....trudde vi...for det viste seg at vi kunne sjå bort på toppen 3 meter unna.

Då var det å kome seg ned, etter ei lunch - pause, og ta seg ned og opp igjen på toppen. Så toppen nådde vi. Og CECILIE SKOG hadde tråkka der før oss. Det vart stort for Elin.
Og 1 1/2 kg heimelaga tur mix (nonstop,rosiner og neter) gjorde også sitt for at turen vart som den vart...Takk Elin.

Bading
Etter å ha kome ned igjen frå denne flotte turen, så var det rimeleg godt med eit bad. Då var det rett i bikinien, og ut i badevatnet. Herlig. Ein fjelltur gjer godt for kropp og sjel. Den som ennå ikkje har opplevd sunnmørsalpane, har verkeleg noko å trakte etter.

Kveldssola
Etter at badinga var unnagjort, middagen vart hogd inn (pasta med ost, fløte og skinke), var det klart for kaffe og sjokolade.
Opp på vår fantastiske utsiktsstein, hadde vi kortspel og oversikt over dei andre telta på området. Utover kvelden kom det og nye gjestar til dalen, og vi henviste dei dit det var ledige plassar. Det vart ein moro kveld, med mykje latter. (For min sit latteren laust i godt lag)

Det beste var å sjå den fantastiske naturen som endra seg med sola og skyene, dansande rundt fjella utover kvelden. Heilt ubeskriveleg....det var fantastisk flott. Sunnmørske Grand Canyon. Det var for oss bere å ligge på steinen, og nyte utsikta. Heilt fantastisk. Som sagt....må bere opplevast. Alle er innvitert neste år.

Dag 3:
Ei ny natt var over, mindre varm enn sist. Det har vore ein fantastisk ferie så langt. Beste starten. Og smaken på fjellet har bere fått ein start for denne ferien.
Vi pakka teltet og utstyret etter frukost, og satte nasa nedover mot Melbøsætra.



Etter at vi var nedkomne til Melbøsætra køyrde eg heim og dusja. Etter eit par timar på sofaen, merka eg at beina var meir støl enn nokon gong. Då måtte eg innsjå at å ta Slogen etter tre dagar i fjellet, var vel meir haudet enn beina som var klar for.
Så etter å ha innsett eit tap for eigen del, så tar eg fatt på Vartdalhornet imorgon. Det er ein mindre hard tur enn Slogen, så eg håpar det vil gå bra for å mjuke opp beina att.

Men til alle som vil vere med neste år....Sett av fyrste veka i august 2007....då er det telting i Molladalen att.
Takk for ein flott tur folkens!

2 kommentarer:

  1. Anonym1:05 a.m.

    Kar e bilda av brudeparet Reitan?
    For ej regna med det va han so gifta sej?

    SvarSlett
  2. Anonym1:04 p.m.

    Tok desverre ikkje ingen bileter. Eg filma for dei istaden. Men dei kjem nok etter kvart.

    SvarSlett

Skriv en liten hilsen når du er innom, det setter jeg pris på. Har du ikke konto, bruk ANONYM og husk å skriv hilsen og navnet ditt..:

Free Hit Counter