fredag, juli 28, 2006

Team -building med Noreastaben

Når Norea Mediemisjon sin stab reiser på tur, då er det ikkje grenser for kva som kan skje. Denne gongen var det min fyrste tur med staben, og artig vart det. For latteren ligg lett utan på folk i denne gjengen.

Team -building
I to lag delte vi oss for å konkurrere i alt frå bueskyting, luftpistol, rebusar og ikkje minst...lage dessert og middag på eingongsgrill. Det siste var det mest utfordrande. Vi fekk utdelt nokre få utvalde ingrediensar, egg, sukker, ulike fruktbitar, mjøl, gjær, vatn osv....

Vårt lag var ganske kreative. Av desse ingrediensane fekk vi laga marengs (det tok si tid å vispe eggehvita med handvisp), og steikte den på appelsinskal på eingongsgrill. Knall det, på toppen la vi fruktbitar og knust kavring...mm..herleg.

Og vi var alle glade for ein vellykka tur.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv en liten hilsen når du er innom, det setter jeg pris på. Har du ikke konto, bruk ANONYM og husk å skriv hilsen og navnet ditt..:

Free Hit Counter