mandag, mars 15, 2010

Ein typisk sunnmøring??

Ein sunnmøring kjem inn på eit bankkontor i Oslo og ber om å få eit lån. Han seier at han skal sydover i Europa på forretningsreise i to veker, og er nødt til å låne 5000 kroner. Bankmannen seier at han treng ei form for tryggleik for lånet. Sunnmøringen gir han då nøklane og vognkortet til ein splitter ny Mercedes som står parkert på gata utanfor banken. Dette fungerer fint og banken aksepterer bilen som tryggleik for lånet.

Bankmannen og dei andre i banken får seg alle ein god latter på sunnmøringens bekostning, som bruker ein Benz til 1.8 millionar som sikkerheit for eit lån på 5000 kroner. Han køyrer så bilen ned i bankens garasje og parkerer han der.

To veker seinare kjem sunnmøringen igjen og betaler tilbake dei 5000 pluss rente 31 kroner. Bankmannen seier til sunnmøringen: "Vi er meget glade for at De ville låne hos oss, men vi er alle en smule forvirret... Mens De var borte sjekket vi Dem og oppdager at De er multimillionær. Det som forvirrer oss er, at De behøvde å låne 5000 kroner?"

Sunnmøringen svara: "Kvar elles i Oslo kan eg parkere bilen min i to veker for 31 kroner?!"

mandag, mars 01, 2010

Danmarkstur med gode vener!

I februar tok vi rett og slett og reiste til Danmark, nærmare bestemt Århus. Vi reiste saman med nokre gode vener, Hildbjørg og Arne. Vi fekke oppleve Århus på det kaldaste, kan du sei. Shopping, besøk i Gamle byen og sightseeing til verdens lengste seglbåt, var nokre av opplevingane. For ikkje å gløyme Go-kart.
I tillegg var vi som sunnmøringar flest på tur - av ein eller annan grunn havna vi på kvart måltid på restauranter med "spis så mye du vil -" for en liten slump danske kroner...
På Jensens Bøfhus fikk en ete så mykje softis ein ville for ein liten slump, og i mitt andre forsøk på å forsyne meg, klarte eg å seile bortover gulvet på glatte støvlettar, med is og glass seilande i rommet. Det var til gjestar og kelneras store fortvilelse, men mitt eige reisefylgje hadde ikkje merka dette i det heile.
Ei fantastisk god og avslappande helg! Fristar til gjentaking.
Free Hit Counter