fredag, juli 28, 2006

Team -building med Noreastaben

Når Norea Mediemisjon sin stab reiser på tur, då er det ikkje grenser for kva som kan skje. Denne gongen var det min fyrste tur med staben, og artig vart det. For latteren ligg lett utan på folk i denne gjengen.

Team -building
I to lag delte vi oss for å konkurrere i alt frå bueskyting, luftpistol, rebusar og ikkje minst...lage dessert og middag på eingongsgrill. Det siste var det mest utfordrande. Vi fekk utdelt nokre få utvalde ingrediensar, egg, sukker, ulike fruktbitar, mjøl, gjær, vatn osv....

Vårt lag var ganske kreative. Av desse ingrediensane fekk vi laga marengs (det tok si tid å vispe eggehvita med handvisp), og steikte den på appelsinskal på eingongsgrill. Knall det, på toppen la vi fruktbitar og knust kavring...mm..herleg.

Og vi var alle glade for ein vellykka tur.





FERIE!!!!!!!!!!!


Då er nok ein sommar over, og fleire solkremflasker tome...for mange, men for meg startar det idag. Ferien er komen! Sommertreff, GF og UL er over for i år. Så opp til fleire hundre mennesker har eg fått møte denne sommaren og, det har vore knall å møte dokke folkens. Disse stevna gjer bere sommaren heilt fantastisk, på grunn av alle menneska ein møter.

Siste nye
Desverre må eg skuffe dokke her, det har ikkje skjedd så mykje nytt. At eg har blitt eit år eldre, er ikkje så mykje å skryte av, heller tvert imot.
Eg må heller få tildele at det nye er vel at eg skal ha minimum to veker på Sunnmøre i år, det er ikkje verst.

Og det fyrste som skal skje i denne ferien, er bryllaup på Vigra. Deretter går turen til Molladalen. Det gleder eg meg til, om været held seg.
Free Hit Counter