Då var påska 2007 over. Ei flotte påske på Bjorli. Har til og med fått stått på slalom, og då var målet nådd. Og eg fekk bragt tid saman med Jenny Charlotte (min vesle syster, mamma og pappa)
En anerkjent forkynnar kom bort til meg og sa ho var innom bloggen min i ny og ne, og sa ho der fekk sjå ei ny side av meg. Så derfor må eg forandre fokus litt, og gir eit lite innblikk i kva denne påska har gitt meg å tenke på.
1.påskedag våkna eg med fleire meldingar på mobilen. Dei inneholdt alle "God påske", og nokre setningar om at "Han har stått opp", "I dag er dagen".
I alle år har 1. påskedag vore dagen eg har tenkt er dagen å feire. Men i påska i år var det ein forkynnar som hadde nokre nye tankar rundt påska.
Langfredag er dagen då Jesus frelste oss. Det er langfredag som er dagen. Når mange i sitt vitnesbyrd fortel om sin spesielle dag, då dei vart frelst, så er det ikkje alle menneske som kan setje ein spesiell dag på det. Då kan ein sei at det var langfredag ein vart frelst. For det var den dagen Jesus vart hengt på korset og sa "Det er fullbrakt".
Det var den dagen Jesus gav sitt liv for deg.
God påske venner!