mandag, mars 01, 2010

Danmarkstur med gode vener!

I februar tok vi rett og slett og reiste til Danmark, nærmare bestemt Århus. Vi reiste saman med nokre gode vener, Hildbjørg og Arne. Vi fekke oppleve Århus på det kaldaste, kan du sei. Shopping, besøk i Gamle byen og sightseeing til verdens lengste seglbåt, var nokre av opplevingane. For ikkje å gløyme Go-kart.
I tillegg var vi som sunnmøringar flest på tur - av ein eller annan grunn havna vi på kvart måltid på restauranter med "spis så mye du vil -" for en liten slump danske kroner...
På Jensens Bøfhus fikk en ete så mykje softis ein ville for ein liten slump, og i mitt andre forsøk på å forsyne meg, klarte eg å seile bortover gulvet på glatte støvlettar, med is og glass seilande i rommet. Det var til gjestar og kelneras store fortvilelse, men mitt eige reisefylgje hadde ikkje merka dette i det heile.
Ei fantastisk god og avslappande helg! Fristar til gjentaking.

1 kommentar:

  1. Anonym8:43 a.m.

    Koselig!! Håper alt er bra med dere i Sør:)

    SvarSlett

Skriv en liten hilsen når du er innom, det setter jeg pris på. Har du ikke konto, bruk ANONYM og husk å skriv hilsen og navnet ditt..:

Free Hit Counter