søndag, november 05, 2006

Litt sein oppdatering


Då var vinterdekka på plass. Og slik ser hendene ut etter at det er gjort.

Beklager til alle kjære bloggere, at eg ikkje har vore flink å oppdatere i det siste.
Det har skjedd ufatteleg mykje etter at Norea feira sitt 50 års jubileum i Oslo, for to veker sidan. Det er søndag, og det er herleg.

Eg har akkurat kome att frå tre dagar i Oslo, der eg fredag var med på ein Prosjekt Hanna kveld i Misjonssalen. Det var flott å sjå og høyre alle frammøtte, og høyre den ivrige responsen deira for prosjektet.

Igår var det atter tid for å vere forsanger på Muf i Kristiansand.

Dagen idag har gått med til å vaske og rydde leiligheta. Det har nok ikkje vore høgste prioritet dei siste vekene.
Men, sist og ikkje minst, så fekk eg vinterdekka på plass, på bilen. Heilt aleine, ja. Hardt og skittent arbeid. Men då var det gjort for i år og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv en liten hilsen når du er innom, det setter jeg pris på. Har du ikke konto, bruk ANONYM og husk å skriv hilsen og navnet ditt..:

Free Hit Counter